Velkommen til Austrheim Songlag!
Austrheim Songlag høyrer heime i Austrheim Kommune, og me er i dag 60 dedikerte medlemmar mellom 18 og 80 år. Me har eit svært variert program og eit allsidig repertoar, og det gjer koret vårt til eit spennande kor å være med i. Miljøet i koret er inkluderande, så alle kan trivast og utvikle seg musikalsk. Austrheim Songlag er stolte av å være ein viktig del av kulturlivet og kulturtilbodet i Austrheim.
Sjølv om vi er mange, treng me som alle andre kor, fleire menn for å ha ein god balanse i koret.
Gjennom vår musikk ynskje med å spreie glede gjennom songen, anten det er klassiske kirkekonsertar eller store oppsettingar med song, dans og skodespel.
Bli med oss og opplev gleden ved å synge i fellesskap!
Me øver på Austrheim Kyrkjelydshus kvar tirsdag frå 19-21.
Dirigent: Elisabeth Jensen Risnes
Elisabeth Jensen Risnes tok over som dirigent for Austrheim Songlag i 2021. Ho er ein engasjert og inspirerande dirigent, og ho har satt sitt eige preg på koret dei siste åra. Ho er utdanna pianist og musikkpedagog frå Griegakademiet i Bergen (2000), og har sidan 2001 arbeidd i Austrheim Kommune. Ho er i dag leiar for kulturskulen i kommunen, og i 2024 vart ho velfortent tildelt Kulturprisen i Austrheim for sitt arbeid og engasjement i musikkmiljøet i Austrheim, inkludert Tiriltunge barnekor og Austrheim Songlag, Austrheim Skulekorps for å nemne noko.